Kategorier
Fotograf

Arne Jostein Lyshol

Arne Jostein Lyshol (1942)

Eg er frå Sykkylven på Møre, og vil nok alltid vere sunnmøring sjølv om eg har budd mange fleire år her på Jæren enn der.  Er utdanna ved Norges Landbrukshøgskule ( i dag NMBU) og arbeidde dei fleste yrkesaktive åra hos Fylkesmannen i Rogaland, Landbruksavdelinga; er no pensjonist. Fotografering har lenge vore ein hobby, særleg på tur i skog, utmark, fjell og fjord for å ta vare på  gode opplevingar.  I seinare år har gode digitale kamera og objektiv gitt nytt giv til fotograferinga, særleg av dyr og fuglar.